Om oss 2018-04-08T13:21:29+00:00

Om Oss

Kvinnherad Elektro AS har i snart 75 år tilbode elektrotenester til marknaden. I denne tida har verksemda utvikla seg til verta ein stor aktør med omlag 40 tilsette. I alle desse åra har vi drive med installasjonar av båtar og skip. Saman med verfta i Kvinnherad har vi kunna ta på oss stadig meir krevjande oppdrag. Store oppdrag hjå Hellesøy Verft AS og Jondalstunnelen har også førd til eit omfattande samarbeid med det norsk/polske elektrofirmaet Vassnes Solutions AS for å makta desse oppdraga.

I dei seinare åra har vi satsa sterkt på samferdselsinstallasjonar. Vi har hatt fleire tunellinstallasjonar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Industrien har utvikla seg mykje etter at Sør Norge Aluminium etablerte seg i Kvinnherad på 1960- talet. Vi har hatt mange og store oppdrag for dei og anna industri i kommunen.

Innan Bygg og Anlegg har vi fleire store og små oppdrag.Kompetansen i verksemda har utvikla seg i takt med den teknologiske utviklinga. Ved kontinuerlig oppdatering av dei tilsette løyser vi oppgåvene hjå kundane våre.
Serviceoppdrag har alltid vore viktig for verksemda. Soleis rår vi over 14 velutrusta servicebilar. Tilsamen tel bilparken 23 kjøretøy.

I 2010 overtok vi aksjefleirtalet i Helland Elektro & VVS AS i Eiklandsosen. Dette vil gje oss gode vilkår for å satsa mot bergensmarknaden og samstundest kan vi tilby totalløysingar innan Elektro og VVS.

I 2015 overtok vi aksjefleirtalet i konsernet Vassnes Solutions AS i Ølen med kring 50 tilsette.

Verksemda er medarbeidareigd. Dette ser vi som ein stor styrke i den sterke konkurransen i marknaden.

Authorisations and certifications

Key partners